Høyringssvar kommuneplan for Hå 2023 – 2036
Hå kommune har revidert samfunnsdel og arealdel for kommuneplanen, og ny plan som gjeld for perioden 2023 – 2036 har vore ute til offentleg ettersyn. Det er gjort gode utgreiingar, men Statsforvalteren har motsegn til fleire av arealendringane. Dette gjeld særleg nye næringsområde og masseuttak.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Samfunnsdelen tar på en god måte opp langsiktige utfordringar, og det er sju satsingsområde som tek utgangspunkt FN sine berekraftsmål. Ein langsiktig arealstrategi er meint som eit bindeledd mellom samfunnsdelen og arealdelen. Eit viktig arealstrategisk punkt er jordvernmålet, og det blir stadfesta at kommunen har tilstrekkeleg areal til bustadbygging for planperioden. Meir om planutkastet finn du på kommunen si nettside.
Motsegner grunna konflikt med nasjonale og regionale føringar
Samla sett er arealdelen godt forankra i arealstrategien til kommunen. Ein del arealforslag er i konflikt med nasjonale og regionale føringar knytt til samordna areal- og transportplanlegging, jordvern, natur- og landskapsinteresser. Vi har fremja motsegn til nye nærings- og industriområde ved Varhaug, Kviamarka, Stokkelandsmarka og Sirevåg, til masseuttak ved Aniksdal og Bru og til vindkraftanlegg ved Elgane.
Føresegner viktig
Me har brukt ein del ressursar på å gå gjennom føresegnene til planen, og vil framheve at det er gjort eit godt arbeid med språk og struktur. Me har her mest faglege råd, men også nokre motsegner. Eksempelvis motsegn til det ordlyden om uteopphaldsareal i bustadområde, av omsyn til barn og unge.
Vidare dialog
Sjølv om vi har ein del motsegner til utkast til kommuneplan, ser vi fram til ein god dialog med mål om løysing av motsegnene.
Vår uttale finn du i høgremargen