Nytt møte i ressursgruppa for regional jordvernstrategi
Arbeidet med regional jordvernstrategi for Rogaland er godt i gang. Andre møte i ressursgruppa vart halde tirsdag 17.10.2017. Tema for dagen var oppfølging av innspel frå førre møte, status for kunnskapsinnhenting og målformulering.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Jordvernstrategien skal ikkje vere eit hinder for utvikling i fylket, men utfordre måten vi tenkjer arealplanlegging. Ressursgruppa var klare på at jordvernet må styrkast og bør løftast tidlegare inn i planprossesar. Da sikrar man omsynet til jordvern før dei overordna plangrepa blir satt. Konsentrert utbygging opp mot høgverdig kollektivaksar er eit viktig grep, men må følgjast opp med god hushaldering, fortetting og transformasjon. Kanskje må vi sjå på «gamle syndar» på ny?
Kompensasjon er ikkje løysinga
I dag bygg vi ned den beste jordbruksjorda. Kompenserande tiltak i form av jordflytting er eit grep for å redusere konsekvensen, men vil samla sett neppe kunne vere ei fullverdig løysing. Dette blir særleg aktuelt sett opp mot bestillinga i vedtaket i fylkesutvalet av 16. mai om auka jordbruksjord. Kompensasjon må vere ein siste utveg.
Kunnskap er sentralt
Avgjerande for å utarbeide eit godt jordvernmål, er å ha eit godt kunnskapsgrunnlag om arealstatus og arealreservane i kommunane. Innhenting av kunnskap gjennom eit analysearbeid er godt i gang og møter støtte i ressursgruppa.
I høgremargen finn du lysarka til presentasjonane i møtet og referatet.
Neste møte i ressursgruppa vil vere 20.12.2017.
Kontaktpersonar
-
Anfinn Rosnes
Tlf: 51 56 89 80 / 48 14 72 13