Statsforvaltaren har gitt uttale til oppstartsvarsel og planprogram for råstoffutvinning på Berakvam
Føremålet med planarbeidet er å utarbeide reguleringsplan med konsekvensutgreiing for utviding av dagens område for råstoffutvinning. Statsforvaltaren har gitt uttale basert på dei sektoromsyna me er sett til å ta vare på gjennom plan- og bygningslova. For Statsforvaltaren vil temaet forureining vere særskilt viktig i det vidare arbeidet med planen.
Me har også gitt innspel knytt til natur på land, klima, samfunnstryggleik, landskap og etterbruk av området. Varsla planområde er i hovudsak i tråd med den nyleg vedtekne kommuneplanen til Suldal, med unntak av planlagt anleggsveg til Romsbotn. Av omsyn til blant anna forureining og naturverdiar, vil Statsforvaltaren rå i frå å opne opp for anleggsveg i dette området. Me har også gitt tilbakemelding på mogleg uttak av vatn frå Slåttevatnet, som vil vere konsesjonspliktig.
Heile uttalen er lagt ved denne saka.