Tydeleg jordvernbrev frå statsråd Bård Hoksrud
Landbruks- og matministeren sende den 1. oktober ut eit brev til alle Fylkesmenn om at jordvern er ei viktig nasjonal og regional interesse i planlegginga i kommunane. Det blir også annonsert ein oppdatert nasjonal jordvernstrategi i samband med statsbudsjettet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Brevet er meint å klargjere praktiseringa av motsegn når det gjeld jordvern. Det presiserer at omsyn til jordvern er eit viktig tema i planlegginga. Dette kjem fram av pressemeldinga frå departementet.
Jordvern – ei særleg utfordring i Rogaland
Rogaland er kjent som eit fylke der det er omdisponert mykje god matjord, og vi toppar statistikken for omdisponering. Samstundes har vi sett ei positiv utvikling i seinare tid, og vi har registrert at fleire kommunar nå har auka fokus på jordvern i samband med revisjon av kommuneplanar.
Krav til kommunane i planlegginga
I brevet er det stilt krav til kommunal planlegging:
- Dokumentere om det går med dyrka eller dyrkbar jord
- Omtale verdien av areala
- Vurdere plan i høve til overordna planar og retningsliner
- Vurdere samfunnsnytte ved eventuell omdisponering
Manglar planar slik dokumentasjon kan det i seg sjølv gi grunnlag for motsegn.
Regional jordvernstrategi eit bidrag
Regional jordvernstrategi har no vore på høyring, og vi gav vår uttale i juli.
Ein jordvernstrategi for fylket kan bidra til å løfte fram utfordringane Rogaland har i forhold til det tydelege nasjonale målet om vern av jordbruksjord. Strategien skal nå til sluttbehandling i Fylkestinget.