Svært høg vasstand natt til onsdag. Fare for oversvømmingar
Det er varsla høg vasstand i Rogaland natt til onsdag. Varselet er på oransje nivå, som er det nest høgaste og betyr stor fare.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Varselet gjeld heile vestlandskysten og Sørlandet.
– Det blir mykje vatn. Men det er framleis usikkert kor store konsekvensar dette får i Rogaland, seier assisterande fylkesberedskapssjef Gry Evensen hos Fylkesmannen i Rogaland.
Det er venta ein vasstand som er estimert til 65–80 centimeter over høgda i tidevasstabellane. Vatnet står høgast natt til onsdag mellom klokka 01 og 03, men det blir også høg vasstand onsdag ettermiddag.
Kva kan me venta oss i Rogaland?
Dersom varselet slår til, blir det høgare vasstand enn det var i både 2017, 2013 og 2007. Alle desse gongene gjekk til dømes vatnet over kaikanten i Vågen i Stavanger.
Når det likevel er vanskeleg å slå fast alt nå kor alvorleg situasjonen kan bli, er det fordi det framleis er litt usikkert når og kor lågtrykket treffer Rogaland.
Kva bør me gjera?
– Dei områda som er utsette for bølger må vera særleg merksame. Dei som har båtar, naust og hus i sjøkanten må bu seg. Har du lause gjenstandar som ligg utsett til, er det lurt å sikra desse snarast, seier Evensen.
Kontaktpersonar
-
Reidar Johnsen
Tlf: 51 56 88 39 / 41 52 34 31 -
Gry Evensen
Tlf: 51 56 88 18 / 41 30 31 80