Fylkesberedskapsrådet: Atomberedskap og totalforsvar
Fleire og fleire skip med atomreaktor langs norskekysten. Vekst i talet på kjernekraftverk. Det er all grunn til å ta atomberedskapen alvorleg, var bodskapen til Statens strålevern under møtet i Fylkesberedskapsrådet 5. desember.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Monica Dobbertin frå Statens strålevern heldt ein presentasjon om trusselbiletet i dag og kva som er dimensjonerande for atomberedskapen vår. Ho informerte mellom anna om ein auke i talet på skip med atomreaktor langs norskekysten og skip lasta med restavfall frå denne industrien.
Strålevernet utviklar nå eit nytt scenario for atomberedskapen, som går på bruk av radioaktiv kjede til bruk i tilsikta handlingar i tillegg til dei seks scenarioa som alt ligg til grunn for dette. Dei har også revidert plangrunnlaget for kommunal atomberedskap i 2017.
Totalforsvaret
Totalforsvaret er sett på dagsorden igjen etter mange år med lita merksemd. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har oppretta eit totalforsvarsprogram der målet er å gjera samfunnet vårt betre budd på ei tryggleikspolitisk krise og ein væpna konflikt innan ramma av eit totalforsvar.
Det skal veraei stor NATO-øving i Noreg hausten 2018 (Trident Juncture) som ein viktig del av dette arbeidet. Både Fylkesmannen og fleire andre medlemmer av Fylkesberedskapsrådet orienterte om kva styringssignal ein har fått av sine respektive fagdepartement. Som ei oppfølging av dette orienterte sjef for HV-08, Bjørn Arild Siljebråten, om status for dei planlagde reduksjonane i HV generelt og HV-08 spesielt etter Landmaktutgreiinga og Stortingets behandling av denne.
FylkesROS
Fylkesberedskapssjef Reidar Johnsen orienterte om arbeidet med FylkesROS. Han gjekk gjennom dei fire scenarioa:
- Afrikansk svinepest.
- Tunnelulukke i Rennfast.
- Ekstremvêret Børre.
- Hybrid trussel.
FylkesROS skal vera ferdig rundt årskiftet og blir sendt til rådet på ei kort høyring.
Ny lokal redningsleiing
Visepolitimeister Gøril Våland snakka om organiseringa av ny LRS etter at Sør-Vest politidistrikt er etablert og ny felles 112 operasjonssentral var operativ i november. «Organisasjonsplan for redningstjenesten» blei revidert i 2015. Grunnprinsippa er ikkje endra, men det er mellom anna nokre endringar på kven som skal vera med i redningsleiinga. Ho sa også kva grenseflatene mellom LRS og fylkesberedskapsrådet var, med utgangspunkt i Politiets beredskapshandbok (PBS).
Neste møte
Dato for neste møte er 12. juni 2018. Fleire av dykk vil i tillegg bli inviterte til eit seminar om atomberedskap som Statens strålevern og kriseutvalet skal ha i Rogaland 28. eller 29. mai 2018. Me kjem tilbake med meir informasjon om dette så snart det er klart.