Klimahjelperen - ny rettleiar
DSB har publisert rettleiaren "Klimahjelperen - hvordan ivareta klimpatilpasning i planlegging etter plan- og bygningsloven". Den vil vere til nytte for dei som abeider med arealplansaker og beredskap.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Rettleiaren er eit produkt av Klimaprosjekt Troms der mange aktørar har arbeidd med dette fagområdet. Samfunnstryggleik er utgangspunktet, og dokumentet er avgrensa til å sjå på korleis ein kan førebygge mot ulike naturfarar, som skred, flaum, overvatn og havnivå. Dette med hjelp av plan og bygningslova og sivilbeskyttelseslova. Rettleiaren fungerer som eit oppslagsverk, der ein kan gå rett til ønska plannivå. Det er ikkje meint som ein fasit, men til bruk som inspirasjon og forslag.