Nytt informasjonshefte om busetnad nær høgspenningsanlegg
Statens strålevern har publisert eit informasjonshefte med oppdatert informasjon om magnetiske felt frå høgspenningsanlegg. Informasjonsheftet omtaler blant anna moglege helseverknader, gjeldande regelverk og forvaltningspraksis.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Heftet er meint å informere kommunar, utbyggjarar, nettselskap og befolkninga. Sjølv om det er kome eit nytt informasjonshefte er det inga endring i forvaltningspraksisen som blei etablert av Stortinget i 2006, om at nye bygg nær kraftleidningar og nye kraftleidningar nær bygg skal utgreiast. Nettselskapa har eit ansvar for å svare på spørsmål om magnetfeltnivå nær anlegga deira.
Les brosjyren her: https://www.nve.no/Media/5420/bebyggelse-nær-høyspenningsanlegg-2017.pdf