Kompetanse- og tenesteutviklingstilskot 2023
- Søknadsfrist:
- 15. mars 2023 23:59
- Målgruppe:
- Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobba i omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er brukarar av omsorgstenester og pårørande deira.
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Kven kan søke:
- Kommunar, fylkeskommunen, interkommunale selskap, universitet og høgskular
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2024 23:59
Dette er tilskotsmidlar som skal bidra til at det vert sett i verk kompetansehevande tiltak og utviklingsarbeid.
Statsbudsjettreferanse: kapittel 761, post 68, Helse- og omsorgsdepartementet. Beløp som skal fordelast i Rogaland er 26.961.000 kroner.
Målet for ordninga:
Målet er å bidra til å redusere mangelen på personell med relevant fagutdanning i omsorgstenesta, og legge til rette for ei berekraftig omsorgsteneste.
Merk at det er nytt regelverk i år, og at uttalt mål er å auke kompetansen i omsorgstenestene. Det har samanheng med mål og strategiar i «Opptrappingsplan for heltid og god bemanning i omsorgstjenesten».
Tildelingskriteria:
Vurdering etter skjøn med utgangspunkt i forventa nådd mål.
Søknad skal sendast til: sfropost@statsforvalteren.no med kopi til: bjorg.odland@statsforvalteren.no (for å sikre at skjema vert motteke i excel- format)
Rapportering for 2022:
Det skal rapporterast til Statsforvaltaren innan 15. mars 2023 for midlar som vert tildelt i 2022. Det skal nyttast rapporteringsskjema som vil verta sendt tilskotsmottakar. For samla tilskot frå kr 200.000 og over er det krav om revisorkontroll.
- Søknadsfrist:
- 15. mars 2023 23:59
- Målgruppe:
- Leiarar, tilsette og personar som kan rekrutterast til å jobba i omsorgstenesta. Endeleg målgruppe er brukarar av omsorgstenester og pårørande deira.
- Ansvarleg:
- Statsforvaltaren i Rogaland
- Kven kan søke:
- Kommunar, fylkeskommunen, interkommunale selskap, universitet og høgskular
- Rapporteringsfrist:
- 1. april 2024 23:59