Ungdomspanelet
Statsforvaltarens ungdomspanel skal vera ei fast ordning der eit utval ungdommar skal hjelpa oss med råd, erfaringar og innspel når me skal løysa oppdraga og oppgåvene våre. På denne måten blir barn og unge i Rogaland involverte i saker som gjeld dei – også hos Statsforvalteren.
Ungdomspanelet møter to–tre gonger årleg for å diskutera aktuelle
saker/tema. Sakene kjem frå fagavdelingane våre, og ungdommane kan melda inn saker gjennom sekretariatet.
Statsforvaltaren søker ungdommar til ungdomspanelet
Statsforvaltarens ungdomspanel blei etablert i 2023. Panelet har 10 medlemmar og 9 varamedlemmar. Panelet hjelper Statsforvaltaren i Rogaland med råd og erfaringar knytt til dei ulike oppdraga me har. Nå treng me forslag til nye medlemmer i panelet.
Publisert 01.09.2023
Ungdomspanelet til Statsforvaltaren i Rogaland er på plass
Panelet er samansett av unge frå heile Rogaland. I slutten av september skal dei samlast til sitt første ordinære møte.