Ungdomspanelet til Statsforvaltaren i Rogaland er på plass
Panelet er samansett av unge frå heile Rogaland. I slutten av september skal dei samlast til sitt første ordinære møte.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dette blir ei fast ordning der panelet skal hjelpa oss med råd, erfaringar og innspel i arbeidet vårt.
– Dei fleste sakene som Statsforvaltaren i Rogaland behandlar har betydning for ungdom. Derfor ønsker me å komma i direkte dialog med ungdommen – og lytta til synspunkta deira, seier statsforvaltar Bent Høie.
Panelet skal bestå av åtte–ti ungdommar i aldersgruppa 13–19 år. Kommunane, Rogaland fylkeskommune og ungdomsråda i Helse Stavanger og Helse Fonna blei inviterte til å foreslå kandidatar. Det blei også Landsforeningen for barnevernsbarn.
Engasjerte unge frå heile fylket er med
Det kom inn forslag til mange gode kandidatar. Nå er totalt 10 plukka ut, der omsynet til alder, geografi, kjønn og interesser har vore viktig.
- Representant frå Landsforeningen for barnevernsbarn
- Sara Rondestveit (Helse Stavanger)
- Jonas Storesund (Helse Fonna)
- David Tural Mousavi (Rogaland fylkeskommune)
- Isabella Victoria Ross-Molnes og Aleksandra Katarzyna Wierzbicka (Nord-Jæren)
- Torje H. Skjevrak (Jæren)
- Karl Brage Hågbo (Dalane)
- Milica Divjak (Ryfylke)
- Cecelia Eide Hansen (Haugaland)
Panelet har valt David Tural Mousavi som leiar og Milica Divjak som nestleiar. Ungdomspanelet skal møtast to–tre gonger årleg. Dette ser me fram til!