Grunnkurs i økonomisk rådgjeving 18.-19. mai
- Dato:
- 18. mai 2022 10:00 - 19. mai 2022 15:15
- Sted:
- Digitalt - Nettmøte i Teams
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, og Rogaland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav som treng kunnskap om økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving.
- Påmeldingsfrist:
- 12. mai 2022 23:59
Statsforvaltarane inviterer til digitalt grunnkurs i økonomisk rådgjeving. Kurset rettar seg mot tilsette i Nav som treng kunnskap om økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving. Du kan melde deg på kurset no.
Viss tidspunktet for dette kurset ikkje passar, arrangerer vi tilsvarande grunnkurs 23.-24. mai 2022.
Dette er kurset for deg som:
- skal kunne gi generell og/eller individuell økonomisk rettleiing uavhengig av om ein er statleg eller kommunalt tilsett
- er leiar for tilsette som skal gje økonomisk rettleiing
- har vedtaksmynde på området økonomisk rettleiing
Kvifor tilbyr vi dette kurset?
Økonomisk rådgjeving er ei lovpålagd individuell teneste etter sosialtenestelova paragraf 17. Tenesta er ei av kjerneoppgåvene i Nav, og tilsette i Nav treng grunnleggjande kunnskap om tenesta og aktuelle tema for å kunne gi generelle råd og rettleiing, og for å kunne vise personar med større problem til ein spesialist innan økonomisk rådgjeving.
Mange kan ha økonomiske problem sjølv om dei ikkje gir uttrykk for det. Difor er det viktig at tilsette i Nav har kunnskap om økonomisk rådgjeving om dei avdekker slike problem.
Etter kurs skal du sitje igjen med:
- kjennskap til når brukar kan få tenesta økonomisk rådgjeving
- kjennskap til rolla som økonomisk rådgjevar
- kunnskap om dei ulike nivåa for rådgjevinga
- kunnskap om korleis hjelpe brukar med personleg økonomi
- kjennskap til heilskapleg løysing for brukar sin gjeldssituasjon
- kunnskap til å hjelpe med førespurnad til Namsmannen om utleggstrekk og utleggspant
- kjennskap til pengekrav, misleghald og forelding
Forkunnskap
Vi oppmodar deg til å lese igjennom modulen «Råd og veiledning av brukere med økonomiske problemer»
Praktisk informasjon
Føredragshaldarar på grunnkurset er Daniel Bergamelli og Hallvard Øren, Statsforvalteren i Oslo og Viken.
Kurset er digitalt og går via Microsoft Teams. Vi sender lenkje til e-postadressa til dei som har meldt seg på 13. mai.
Vi kjem til å publisere program og klokkeslett for dei to kursdagane seinast veka før kurset.
Har du praktiske spørsmål kring påmeldinga, ta kontakt med Daniel Bergamelli. Er du usikker på om du er i målgruppa eller har spørsmål til kurset, kan du ta kontakt med Daniel Bergamelli eller Hallvard Øren. Kontaktinformasjon i høgremenyen.
Statsforvaltaren sitt kurstilbod innan økonomisk rådgjeving
Statsforvaltaren i Vestland og Statsforvalteren i Trøndelag held felles kurs for fylka Troms og Finnmark, Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Vestland og Rogaland.
Statsforvaltaren tilbyr tre typar kurs: basiskurs, grunnkurs og vidaregåande kurs.
I år tilbyr vi desse kursa, som blir gjennomført digitalt:
- Dato:
- 18. mai 2022 10:00 - 19. mai 2022 15:15
- Sted:
- Digitalt - Nettmøte i Teams
- Arrangør:
- Statsforvalteren i Trøndelag og Statsforvaltaren i Vestland, i samarbeid med Statsforvaltaren i Troms og Finnmark, Nordland, Møre og Romsdal, og Rogaland
- Målgruppe:
- Tilsette i Nav som treng kunnskap om økonomisk rådgjeving og gjeldsrådgjeving.
- Påmeldingsfrist:
- 12. mai 2022 23:59
Kontaktpersoner
-
Daniel Bergamelli
Tlf: 73 19 93 38 -
Hallvard Øren
Tlf: 22 00 36 11