Regionale miljøtilskot - datoar å merke seg no
Fredag 20. januar er siste frist for foreløpig godkjenning av søknader om regionale miljøtilskot (RMP og OBB).
I denne artikkelen kan du lese om viktige datoar utover no, som kommunal landbruksforvaltning må merke seg når det gjeld regionale miljøtilskot.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Saksbehandlinga av søknad om regionale miljøtilskot (RMP) og søknader om tilskot til drift av beitelag (organisert beitebruk/ OBB) er snart ferdig. Det har vore litt systemkrøll på vegen, men det ser likevel ut til at alle greier å få gjort saksbehandlinga innan fristen. Takk til kommunane for ein stor innsats!
Førstkomande fredag, 20. januar, er siste frist for å “foreløpig godkjenning” søknader om miljøtilskot. Dette gjeld både regionale miljøtilskot (RMP) og tilskot til drift av beitelag (OBB). Det skal då ikkje vera søknader igjen under “mottatt” og “under behandling”.
Måndag 23. januar startar statsforvaltaren arbeidet med å berekne endelege satsar og i slutten av den veka blir forslag sendt faglaga på ei kort høyring.
Den 3. februar blir endelege satsar lagt inn i eStil. Når endelege satsar er bestemt skal kommunane gjenopne sakene der det er avkorta for feilopplysning og legge inn endeleg sats som grunnlag for utrekning av avkortingsbeløp.
Innan 17. februar skal kommunane endeleg godkjenne søknadane (totrinns-godkjenninga).
Vi håper at det etter at satsane er bestemt den 3. februar ikkje blir gjort endringar i vedtaka som gir store økonomiske utslag.
Hugs også
Søknader "under registrering” må meldast statsforvaltaren: Kommunane må gi beskjed til statsforvaltaren om kva for søknader som ligg “under registrering” som kan slettast. Dei fleste av desse er “feilsøknader” som kan slettast, men før vi kan gjera det, må kommunen gi oss beskjed.
Endring av kontonummer innan 24. februar: 24. februar er siste frist for endring av kontonummer i Landbruksregisteret.
Utbetaling den 10. mars: Etter 24. februar startar landbruksdirektoratet arbeidet med utbetaling, dette blir truleg gjort i fleire omgangar. Tilskota skal koma på konto den 10. mars.
Stenging av eStil-RMP for “endeleg godkjenning” den 21. februar: I perioden 21. februar til 15. mars kan ikkje kommunane legge søknader til “endeleg godkjenning”. Søknader som ikkje er “endeleg godkjent” den 21. februar blir ikkje utbetalt i hovudutbetalinga 10. mars.
Kontaktpersoner
-
Anders Mona
Tlf: 74 16 81 98