Nasjonal opplæring i koronavaksinasjon
Opplæringa er klar til bruk, ligg ope tilgjengeleg for alle og er gratis å bruke.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tre kommunar i vårt fylke har gitt faglege innspel til opplæringsprogrammet; Færder, Tønsberg og Vinje.
Opplæringsprogrammet er utvikla av Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet og dei har nytta læringsplattforma Kompetansebroen.no.
I samband med utviklinga av opplæringa er det produsert filmar, plakatar, simuleringskasuistikkar, vurderingsskjema for praktisk emne, intramuskulær injeksjon med meir. Kurset er tilrettelagt med pedagogiske verkemiddel som fremmar læring, slik som sjølvtesting med øvingsoppgåver.
Du finn lenkje til kurset her https://www.kompetansebroen.no/nasjonal-opplaering-koronavaksinering/?o=vestfold