E-læringskurs om antigen hurtigtester
Noklus har utarbeidd e‐læringskurset «Laboratorieprøver ved covid‐19». Kurset omtaler PCR‐test for sars‐CoV‐2 og serologiske testar for covid‐19.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Målgruppe for kurset er allmennlegar, sjukeheimslegar og legar med smittevernoppgåver.
Kurset er godkjent for spesialiteten allmennmedisin med to valfrie kurspoeng til vidare‐ og etterutdanninga. Dette kurset er no oppdatert med eigen del om antigen hurtigtester. Antigen hurtigtester har nedsett analysekvalitet samanlikna med PCR‐test, noko som medfører opplæringsbehov for legar i klinisk praksis.
Kurs for sjukepleiarar og anna helsepersonell
Noklus utarbeidde òg i 2020 e‐læringskurset «Prøvetaking ved covid‐19» for målgruppa sjukepleiarar og andre grupper helsepersonell unntatt lege. Dette kurset er no oppdatert med fagstoff om praktisk bruk og analysering med antigen hurtigtestar. Kurset er aktuelt for alt helsepersonell som skal gjennomføra analysering med antigen hurtigtestar.
E‐læringskurs om laboratorieprøver ved covid‐19 er tilgjengeleg for alle og finst her https://www.noklus.no/helsepersonell‐utenfor‐sykehus/e‐laeringskurs‐covid‐19/