Lønnstilskot til utdanning i avansert klinisk sjukepleie
Kommunane sender søknad til Helsedirektoratet innan 1. juni 2021.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 23.04.2021
Helsedirektoratet har lyst ut ordninga med lønnstilskot til utdanning i avansert klinisk sjukepleie for 2021. Som tidlegare år blir tilskot berekna etter ein sats per studiepoeng som blir planlagd gjennomført. Satsen er auka til 3 700 kr i 2021. For ein tilsett som planlegg å ta 30 studiepoeng i 2021, vil tilskotet difor bli 111 000 kroner.
Sjå meir informasjon om tilskotsordninga på Helsedirektoratet sin nettstad https://www.helsedirektoratet.no/tilskudd/lonnstilskudd-for-masterutdanning-i-avansert-klinisk-sykepleie
Kontaktperson i Helsedirektoratet er Øyvind Alseth oyvind.alseth@helsedir.no