Pårørandeundersøking i kommunane
IVARETATT? er ei pårørandeundersøking, der pårørande kan gi tilbakemelding på korleis dei opplever å bli involverte og varetatt i kommunen dei er pårørande i. For kommunane er dette eit verktøy der dei kan innhenta informasjon til kvalitetsarbeid om pårørande.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 22.11.2021
Undersøkinga vil gjennomførast årleg. Kommunen kan henta ut statistikk for korleis pårørande opplever å bli varetatt i forhold til lovpålagte krav og sterke
oppmodingar frå Helsedirektoratet. Undersøkinga er laga med utgangspunkt i Pårørendeveilederen og er i tråd med Pårørendestrategien og Leve heile livet reforma.
Les meir på nettsida til Utviklingssenter for sykehjem og hjemmetjenester.