Rapportering på kompetanse- og tenesteutviklingstilskot 2023
Kommunar og andre som har motteke tilskot frå kommunalt kompetanse- og tenesteutviklingstilskot i 2023 skal rapportere til Statsforvaltaren. Frist for å rapportere er 15. februar 2024.
Utfylte rapportskjema skal sendast til sfvtpost@statsforvalteren.no merka med saksnummer 2023/9976.
I rapporteringa skal det nyttast tre ulike skjema (sjå boksen "Dokument").
- Skjemaet Vedlegg 1 Måloppnåing (excel-ark): Eit delvis utfylt rapportskjema vart sendt til kontaktpersonen for tilskotet då vi erfarer at skjemaet vert konvertert til pdf i utsendingsprosessen. Vi viser elles til rapporteringsrettleiing, sjå i boksen «Dokumenter».
- Skjemaet Vedlegg 2 Årsverksutvikling 2024-2025 (excel-ark): Sjå rettleiing i skjema
- Skjema Vedlegg 3 Tekstleg rapport (word-dokument): Tekstleg rapportering på kompetansetilskot, tilskott til brukarstyrt personleg assistent og tenesteutviklingsprosjekt
Merk òg at det er krav om revisorkontroll for tilskot som gjeld kompetanse, BPA og innovasjon i 2023, dersom summar for alle delane av tilskotet til saman overskrid 200 000 kroner.
Krav til revisorstadfesting gjeld ikkje for tilskotsbeløp mindre enn 200 000 kroner. Dersom innvilga tilskot er høgare enn 200 000 kroner per år, medan forbruket er lågare enn 200 000 kroner per år, kan det leverast revisorstadfesting for to år av gongen. For tilskotsbeløp under 200 000 kroner, ber vi om at utskrift av (prosjekt)rekneskapen for 2023 vert sendt saman med rapportskjema.
For tilskot som samla overstig 200 000 kroner
Rekneskapen skal reviderast av registrert revisor, statsautorisert revisor eller oppdragsansvarleg kommunerevisor (jf. § 11 i forskrift om revisjon i kommunar og fylkeskommunar) i samsvar med Standarden i den norske revisorforening ISA 805 «Særlige hensyn ved revisjon av enkeltstående regnskapsoppstillinger og spesifikke elementer, kontoer eller poster i en regnskapsoppstilling».
Statsforvaltaren er kjent med at revisorattest kanskje ikkje er klar på rapporteringstidspunktet i februar. Vi aksepterer at den vert sendt inn seinare, men likevel så snart som mogleg.
Kontaktpersoner
-
Ellen Bang Andersen
Tlf: 35 58 63 42 -
Janne Wikheim Aas
Tlf: 35 58 63 41 / 91 39 19 69 -
Randi Askjer
Tlf: 33 37 23 96
Dokumenter
- Eksempel (dummy) vedlegg 1 Måloppnåelse 2023.xlsx
- Vedlegg 2 Rapporteringsskjema ÅRSVERK 2024-2025, helse- og omsorgstjenesten.xlsx
- Vedlegg 3 Skriftlig rapportering kompetanse, BPA og tjenesteutvikling 2023.docx
- Veiledning rapportering kompetanse- og tjenesteutviklingstilskudd 2023.docx
- 0761.68 Regelverk for kompetanse- og tjenesteutviklingstilskudd 2023.pdf
- Standardvilkår for tilskudd fra Helsedirektoratet.pdf