Alt helsepersonell bør vaksinera seg mot sesonginfluensa
Vaksinasjonsdekninga for helsepersonell i heile Noreg var i 2019 berre 34 %, så det er behov for ei betydeleg betring av vaksinasjonsdekninga blant helsepersonellet. Dette gjeld særleg i dei kommunale helse- og omsorgstenestene.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Helsedirektoratet rår til at minst 75 prosent av alt helsepersonell med pasientkontakt skal vera vaksinert mot influensa. Målsetjinga fell saman med den til verdas helseorganisasjon og EU.
- Alt helsepersonell med pasientkontakt bør vaksinera seg for å verna både seg sjølv og pasientane sine, seier assisterande fylkeslege Bjørg Klemetsdal
- Ho fortset med at helsepersonell kan smitta pasientane ved at dei kan vera smitteførande før dei får symptom. Det er dei eldste pasientane som er særleg sårbare for komplikasjonar til influensasjukdom.
Influensavaksinen er gratis for helsepersonell, og vaksinasjonen skal vera gjennomført før jul. Influensavaksinen til helsepersonell er den same som har vore gitt gjennom mange år, og han har god sikkerheit. Influensavaksinen er retta mot fire ulike influensavirus.
Dei siste åra har vaksinasjonsdekninga mot influensa auka blant helsepersonell, særleg har den auka blant helsepersonell i spesialisthelsetenesta.