E-læringskurs i palliativ behandling av eldre og alvorleg sjuke med covid-19
Eit nytt e-læringskurs skal gi helsepersonell i kommunale helse- og omsorgstenester kompetanse i palliativ omsorg, pleie og behandling av eldre og alvorleg sjuke personar med covid-19.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Kurset rettar seg spesielt mot kommunale helse- og omsorgstenester, og tilsette der som treng kompetanseheving innafor palliativ omsorg, pleie og behandling ved covid-19. Kurset vil òg vera interessant for helsepersonell i spesialisthelsetenesta. E-læringskurset består av seks modular og tar 2-3 timar å gjennomføra.
Kurset gir opplæring i symptomstøttande behandling i ein fase der pasienten klarer seg bra og kanskje blir frisk igjen. Det inkluderer òg opplæring i kliniske observasjonar, slik at helsepersonellet raskt kan identifisera forverring. Vidare omhandlar kursa palliativ pleie, omsorg og behandling i sluttfasen til livet når pasienten blir svært sjuk.
Det er Nasjonal kompetanseteneste for aldring og helse som på oppdrag frå Helsedirektoratet har utvikla e-læringskurset. E-læringskurset er gratis og ope for alle. For å gjennomføra kurset trengst berre PC eller iPad med internettkopling.
Kurset finn du på nettsidene til Nasjonal kompetansetjeneste for aldring og helse.