Det er maten vår det handlar om

Er du interessert i mat, jordbruk, utmarksressursane våre, jordhelse, jordkarbon, eller du ynskjer å få gode klimaråd og høyre om gode klimatiltak i jordbruket? Då er du hjarteleg velkomen til ope og gratis møte på Granvin kulturhus komande torsdag, 25.mai.

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 24.05.2023

Vest-Telemarkrådet skipar til dette møtet i samarbeid med landbruksforvaltninga i Vest-Telemark, Telemark bondelag, Telemark bonde- og småbrukarlag, Vestfold og Telemark fylkeskommune og Statsforvalteren i Vestfold og Telemark.

Vi har vore så heldige å få tak i svært gode foredragshaldarar. Frå Norsk landbruksrådgiving stiller rådgjevarane Hege Sundet og Hanne Eliassen. Dei vil snakke om brennaktuelle tema og gje oss meir kunnskap om jordhelse, jordkarbon, målretta beiting, gode klimaråd og klimatiltak i jordbruket.   

Anders Nordstad er utdanna siviløkonom, fekk Matprisen 2022 som årets formidlar, tidlegare

generalsekretær i Norsk bonde- og småbrukarlag, råvaretrader og bloggar. Anders er kjent for å framsnakke landbruket. Han ser dei store linjene og taler tydeleg om verdien av fjellandbruk, utmark, staular, grendene våre og dei dyktige bøndene som dyrkar maten vår. Anders er aktuell med bok om matsystemet. På Granvin vil han snakke om paradoks, myter og moglegheiter for norsk jordbruk og matproduksjon. 

Nordstad har nyleg vore gjest på podcastane Drivkraft på NRK og Wolgang Wee Uncut, og han har eigen blogg som etter kvart har fått svært mange følgjarar både på Instagram og facebook.

Yngve Rekdal er seniorrådgjevar i NIBIO (Norsk institutt for bioøkonomi). Yngve er den personen i Noreg som har lengst erfaring med å kartlegge utmarksbeita våre. Yngve er ein svært ettertrakta

foredragshaldar og tek gjerne turen til Vest-Telemark der han også har vore med på sauesanking i mange år. På Granvin vil han snakke om utmarksbeite, ressursgrunnlag, truslar og dilemma. Dette er aktuelle tema for regionen vår.  

Eitt av dei prioriterte områda i den nyleg vedtekne klimaplanen i Vest-Telemark, er jordbruk. Jordbruket er ei viktig næring i regionen vår. Vest-Telemarkrådet har i samarbeid med m.a. kommunane ansvar for å gjennomføre tiltaka i klimaplanen. Det er sett i gang eit forprosjekt «God agronomi i det grøne skiftet», og fagkvelden er ein del av dette forprosjektet.

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.