Økonomireglementet og unntaksordningar i samband med Covid19

Landbruksdirektoratet har motteke spørsmål frå kommunar med spørsmål om fråvær grunna corona kan gi unnatak frå økonomireglementet og reglane om budsjettdisponeringsstyresmakt.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 01.04.2020

Førebels er det ikkje kome endringar i rundskriv/forskrift som gir unntak frå reglementet.

Gjeldene reglar er at den som godkjenner vedtaket må ha fått delegert budsjettdisponeringsstyresmakt, sjå Reglement for økonomistyring i staten pkt.2.5.2.1. I tillegg må det være ei belastingsfullmakt, altså eit budsjett som kan belastast.

Dagens situasjon skaper utfordringar for alle i landet. Vi meiner derfor at det no er spesielt viktig å sikre god saksbehandling, og rett utbetaling av ytingar og tilskot. Mykje tyder på at Coronaviruset vil kunne gi utfordringar gjennom heile vekstsesongen og dette må forvaltinga vere førebudd på.

Det er nødvendig å ha ein plan for korleis ein kan utføre tenestene sine ved sjukdom, hendingar, ferieavvikling  og habilitetssaker. Dette krev at ein har ein avløysar anten for sjølve saksbehandling eller ved å delegere budsjettdisponeringsstyresmakt.

Vi reknar med at dei fleste landbrukskontora er godt i gong med verneplanane, og vurderinga si av kva oppgåver/funksjonar som det er mest kritiske å oppretthalde i ein situasjon der ein eller fleire medarbeidarar er i karantene eller blir sjuke. Vidare at aktuelle tiltak og utarbeiding av manualar eller rutineskildringar er vurdert for desse mest kritiske oppgåvene. Ei ekstra sikring kan også vere å avtale eit gjensidig back-up med landbrukskontoret i nabokommunen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.