Kontrollar skal gjennomførast som planlagt i 2020

Landbruksdirektoratet har bedt fylkesmennene å informere kommunane om at kontrollarbeidet skal prioriterast i tida framover. Direktoratet skriv at det ikkje lenger er grunnlag for at hovudregelen skal vere at det ikkje gjennomførast stadlege kontrollar.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 13.05.2020

Stadlege kontrollar kan gjennomførast, om det skjer på ein måte som gjer at dei tilfredsstiller dei gjeldande smittevernreglar. Både dei som skal kontrollerast og dei som kontrollerer skal ivaretakast. Begge parter må vere einige om korleis kontrollen skal gjennomførast før kontrollinstansen møter opp på staden. Det er framleis fullt mogleg å gjennomføre kontrollar utan fysisk oppmøte, til dømes gjennom dokumentkontrollar. Omfanget av kontrollar skal vere i tråd med retningslinene for kvar tilskotsordning.

I e-post til kommunane 17. mars om produksjonstilskot ga Landbruksdirektoratet føringar om at det som hovudregel ikkje skulle gjennomførast stadleg kontroll i tida framover. Dette var eit tiltak for å hindre spreiing av koronaviruset. Føringane frå mars er no altså oppheva.

Fylkesmannen arrangerer Teams-møte om kontroll av føretak som har søkt om produksjonstilskot tysdag 19. mai kl. 13.00-14.00. Tema vert risikobasert kontroll av PT generelt og gjennomføring av dokumentkontroll spesielt. Invitasjon vert sendt til sakshandsamarane i kommunane pr. e-post.

Fylkesmennene er bede om å gjennomføre forvaltningskontrollar av kommunane som planlagt. Vi kjem til å nytte ein kombinasjon av dokumentkontrollar, nettmøter og stadlege møter. Dei kommunane som skal kontrollerast får nærare beskjed.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.