Infoskriv nr. 39/2021 - uke 48

  • Produksjonstilskot 2021 – viktige datoar
  • Feil i avviksrapporten PT
  • Klimatilpasning: Kommunar kan søka tilskot
  • Søk klimasats no!
  • Revidert rettleiar til matjordplan tilpassa det nye fylket
  • To nye avgjerder etter jordlova frå Landbruksdirektoratet
  • Skogfond
  • Store skogskadar etter stormen
  • Minnar om: Stenging av Agros
  • Minnar om: Skogfondsoppgåver før årsoppgjeret
Publisert 02.12.2021

Produksjonstilskot 2021 – viktige datoar

Dei fleste kommunane er godt i gang med saksbehandlinga, men nokon har enno ikkje starta. Frist for saksbehandlar til å setja søknad til førebels godkjent/avvist/avslått er 23. desember.

Les meir her


Feil i avviksrapporten PT

Grunna tilleggsforhandlingane i oktober er det mange som kjem ut med feil i avviksrapporten, sjølv om det ikkje er feil. Dette skuldast nye satsar. Det er planlagd retta i byrjinga på desember, men det er førebels ikkje i orden.

Les meir her


Klimatilpasning: Kommunar kan søka tilskot

No kan det søkast tilskot til arbeid med klimatilpasning i 2022. Søknadsfristen er 15. februar.

Les meir her


Søk klimasats no!

Klimasats er ei ordning for kommunar og fylkeskommunar som vil kutta utslepp av klimagassar og bidra til omstilling til lavutslippssamfunnet.

Les meir her


Revidert rettleiar til matjordplan tilpassa det nye fylket

I samband med plansaker skal det krevjast matjordplan dersom det har følgjer for dyrka og dyrkbar mark.

Les meir her


To nye avgjerder etter jordlova frå Landbruksdirektoratet

Den eine saka gjeld spørsmål om fleire gards- og bruksnummer i ein kommune utgjorde ei driftseining etter jordlova § 12. Den andre saka gjeld frådeling av tilleggsjord. 

Les meir her


Skogfond

Hugs å sjå over innboksen i ØKS , spesielt "søknader returnert til skogeigar". Kommunane må godkjenne søknader med tilskot innan fredag 3. desember. Utbetaling av skogfond utan tilskot har frist 20. desember.

Les meir her


Store skogskadar etter stormen

Stormen som herja nord i fylket 19. november har stadvis ført til store skadar på skogen. Skogeigarar må ta kontakt med profesjonelle for å få rydda opp. Slikt arbeid er farleg! Skogeigarar som har forsikring må melde inn skaden til forsikringsselskapet så snart som råd.

Les meir her



Publisert 08.11.2021

Minnar om Stenging av Agros

I perioden 13. desember til og med 3. januar vil Agros vera stengt for godkjenning av nye vedtak. Alle saker som skal utbetalast/blir innkravde i 2021, må vera godkjent i Agros før det blir stengde.

Les meir her


Publisert 10.11.2021, Sist endret 25.11.2021

Skogfondsoppgåver som må utførast før årsoppgjeret

Vedlagt følgjer ei oversikt over oppgåver som må utførast i ØKS:

Les meir her

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner