Infoskriv nr. 17/2021 - uke 19

  • Årshjul 2021 – viktige fristar for søkjarar og kommunar
  • Webinar om Gardskart
  • Skogplanting våren 2021 – høyring av ny ordning – vent med å handsame refusjonskrav for planting
  • Jordregisteroppdatering i Landbruksregisteret
Publisert 12.05.2021

Årshjul 2021 – viktige fristar for søkjarar og kommunar

Etter førespurnad frå ein kommune, har Statsforvaltaren laga ei oversikt over viktige fristar for tilskotsordningane i landbruket.

Dokumentet finnes i høgre kolonne her


Webinar om Gardskart

NIBIO lanserte ein ny versjon av Gardskart-tenesta i april, med ny visuell profil og fleire funksjonar som opnar for nye bruksområde. Torsdag 27. mai kl. 12.00-12.30 er det webinar om Gardskart. 


Skogplanting våren 2021 – høyring av ny ordning – vent med å handsame refusjonskrav for planting

Landbruks- og matdepartementet sendte 11. mai på høyring forslag til midlertidig forskrift om tilskot for å sikre planting av skogplanter våren 2021. Statsforvaltaren ber dykk om å vente med å handsame refusjonskrav om planting til ny forskrift er fastsett.

Les meir her


Jordregisteroppdatering i Landbruksregisteret

Landbruksdirektoratet vil også i år gjennomføre massivoppdatering av arealtal i Landbruksregisteret til hausten. Sjå dokumentet frå Landbruksdirektoratet her, og viktige datoar under.

Les meir her

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner