Infoskriv nr. 35/2021 - uke 44
- Påminning om frist (10. nov.) for å melde frå om prognose for forbruk og behov for middel i 2022
- Rentemiddelbudsjett 2022
- Fagrapport om filtermateriale for drensgrøfter
- eStil- RMP
- Ny kommuneside
Påminning om frist (10. nov.) for å melde frå om prognose for forbruk og behov for middel i 2022
Denne påminninga gjeld for ordningane NMSK skogkultur og NMSK veg, Skogbruksplanlegging, SMIL, UKL, Tilskot til drenering, Tilskot til tiltak i beiteområde, Klima- og Miljøprogrammet. Kommunane har fått frist 10. nov til å melde inn prognose for forbruk av middel i 2021 og forventa behov for middel neste år. Vi ønsker talfesting av dette:
Rentemiddelbudsjett 2022
Brev om budsjett for bruk av rentemiddel av skogfond for 2022 vart sendt postmottak i kommunane 29.10.2021. Oversyn over rentefordelinga vart sende til kommunane 1.11.21.
Fagrapport om filtermateriale for drensgrøfter
Det er publisert ein rapport om utprøving av filtermateriale for drensgrøfter.
eStil- RMP
Landbruksdirektoratet ber om liste frå kommunane over søknader som får tekniske feil ved innhenting av data frå kartet. Frist er sett til torsdag 4. november innan kl.16.
Ny kommuneside
Nettsida "For kommunal landbruksforvalting" har fått ei ny oppbygging. Informasjonsskriva vil no ligga på hovudsida, og nyheitssakene er lenka opp til si fagside. Vi håper at dette vil gi betre oversyn på dei ulike fagtemaene. Nettsida er ikkje heilt ferdig endå, og fleire dokuementer vil leggast ut etter kvart.