Produksjonssvikt: dokumenter det de kan

Før de sender søknadar om tilskot ved produksjonssvikt vidare til Statsforvaltaren, må de sjå til at all dokumentasjon er på plass.

Publisert 23.11.2023

Det er i år uvanleg mange søknadar om tilskot ved produksjonssvikt. For at sakshandsaminga skal gå greitt, er det viktig at alle gjer sin del av jobben.

Merk særleg at det med søknadar i vekstgruppe grovfôr (føretak med husdyr) skal det følgje dokumentasjon på 2023-avlinga og grovfôravlingsskjema som viser avling i 2020-2022. Med søknadar i vekstgruppe korn og frø til modning skal det følgje avrekningar for 2023.

Dersom søknadane som kjem til oss ikkje inneheld den dokumentasjonen og dei vurderingane dei skal, vil vi måtte vende oss tilbake til kommunen og etterspørje det som manglar. Det tek tid, og flyten i arbeidet vert redusert.  Me skulle heller brukt tida og energien på å handsame saker, slik at gardbrukarane slepp å vente unødig lenge på utbetalinga.

Forskot vert berre betalt ut i salsproduksjonane, og berre i dei tilfella at det ikkje ligg føre sluttoppgjer. Med søknadar om forskot skal alltid følgje dei oppgjersbreva som finst. Avling på lager skal kvantifiserast etter beste skjøn.

Søknadar som det hastar med i vekstgruppe grovfôr (føretak med husdyr) og i salsproduksjonar, der all avlinga er selt og oppgjort, vert slutthandsama. Hugs å melde oss dersom det er nokon det hastar for og som derfor bør sleppe fram i køen.

 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontaktpersonar