Til dykk som jobbar med tilskot til sjukdomsavløysing mv. og med tilskot til landbruksvikararbeid

I desse tidene er tilskot til avløysing av jordbrukarar ved sjukdom og fødsel mv. og tilskot til landbruksvikararbeid dessverre svært aktuelle tilskotsordningar. Det er derfor viktig at vi held god kontakt framover. Landbruksdirektoratet vil også peike på viktigheita av ei velfungerande landbruksvikarordning lokalt. Vi ber de derfor til å ha løypande dialog med avløysarlaga om situasjonen.

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 17.03.2020

Landbruksdirektoratet er avhengig av at dykk vidareformidlar spørsmål og relevant informasjon for at dei skal bli klare over eventuelle nye problemstillingar som måtte dukke opp. Bruk e-postadressa postsvp@landbruksdirektoratet.no. Dei set pris på om de vil «samle opp» litt dersom det blir mange like spørsmål. Dersom de får svært mange spørsmål, så er dette også interessant for direktoratet å kjenne til, sjølve om dei dreiar seg om meir eller mindre enkle spørsmål. Det er ikkje sikkert dei klarer å svare kvar og ein av dykk individuelt.

De må ta utgangspunkt i at forskrift om tilskot til avløysing ved sjukdom og fødsel mv. og punkt 9.2 i jordbruksavtalen framleis skal tolkast og praktiserast slik som vi har meldt i Rundskriv  2020 - 3. Rundskrivet er likevel utforma med tanke på ein normal-situasjon. Landbruksdirektoratet vil informere kontinuerleg om eventuelle avklaringar som passar ein annan praksis enn før på Landbruksdirektoratet sine nettsider om tilskot til avløysing ved sjukdom mv. Vi ber derfor om at de følgjer med jamleg på nettsidene slik at de får med dykk eventuelle oppdateringar knytte til korona-smitten. Dei to fyrste «avklaringane» som er lagt ut på Landbruksdirektoratet sin nettside er desse:

Det er framleis eit krav om sjukemelding for at det skal kunne gjæves tilskot til avløysing av bonden pga. sjukdom, men NAV har no opna opp for at legar kan sjukemelde pasientar etter telefonkonsultasjon. Slik sjukemelding vil inntil vidare også kunne gi grunnlag for tilskot til sjukdomsavløysing, men må framleis dokumenterast så godt det lèt seg gjere  - anten i form av digital sjukemelding, sjukemelding på papir eller anna formålstenleg vis.

Ein kan ikkje få tilskot til avløysing av jordbrukarar som må ta seg av barn fordi barnehage/skule er stengd. Dersom barnet blir sjukt, kan ein få tilskot til avløysing dersom jordbrukaren er med barnet til konsultasjon hos lege eller til behandling eller oppfølging ved helseinstitusjon godkjent av det offentlege, til og med det kalenderåret barnet fyller 12 år. Dersom det kan dokumenterast med legeerklæring at barnet har ein kronisk eller langvarig sjukdom eller funksjonsnedsetjing, som gir auka risiko for at foreldra får fråvær frå arbeidet, kan ein også få tilskot dersom jordbrukaren må ta seg av barnet heime. I slike tilfelle kan ein få tilskot til og med det kalenderåret barnet fyller 18 år. Dette inneber inga endring eller nyansering i forhold til rundskriv 2020 - 3.

Til slutt vil Landbruksdirektoratet vise til brev sendt frå Nærings- og fiskeridepartementet 14. mars til fylkesmennene, med presisering i e-post same dag. Her blir det tydeleggjort at barn av kritisk personell i blant anna verdikjeda for matvareforsyning skal få eit tilbod sjølv om barneskular og barnehagar er stengt. Personar som arbeider i husdyrproduksjon blir omfatta av dette. Det blir understreka at det berre er kritisk personell tilbodet skal gjelde for.

Vi ber de om å vidareformidle til avløysarlaga at dei bør følgje med på nettsidene til Landbruksdirektoratet for å få med seg eventuelle endringar i retningslinjene for sjukdomsavløysing eller andre avklaringar knytte til corona-situasjonen.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.

Kontaktpersoner