Skatteendring for skogeigarar som ikkje er mva.-pliktige
Skattedirektoratet har kome fram til at skogeigarar som ikkje har plikt til å betale meirverdiavgift (kapitalskogeigarar) har rett til bruk av skogfond med skattefordel også på den delen av kostnaden som er meirverdiavgift. Dette inneber endring av tidlegare praksis.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Publisert 25.03.2020
Les meir i eige brev frå Landbruksdirektoratet.
Brevet omtaler og avklarer følgjande:
- Dei faktiske og praktiske følgjene for delen vår av Skattemyndighetenes avklaring når det gjeld skattefordel av MVA. for skogeigar som ikkje er MVA-pliktig
- Det skal leggjast same kostnad (kostnad utan MVA.) til grunn som tidlegare for tilskotskostnadsoverslaget for tilskotsordningane i skogbruket. Skattestyresmaktene sine avklaringar har ikkje noko med det å gjere, og påverkar det då heller ikkje.