Konsesjon til selskap med avgrensa ansvar – endring
Frå 7. juli 2023 er det Statsforvaltaren som har mynde til å gjere vedtak i landbrukssaker der søker er selskap med avgrensa ansvar.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Landbruks- og matdepartementet har gjort endringar i forskrift om overføring av mynde til kommunane m.fl. slik at det no er Statsforvaltaren som skal fatte vedtak i saker som gjeld selskap med avgrensa ansvar.
Kommunane skal ta i mot søknadane, klargjere saka og gi uttale til statsforvaltaren før saka blir sendt til oss for behandling, jfr. «Forskrift om saksbehandling mv. i kommunen i saker etter konsesjonsloven, jordloven, odelsloven og skogbruksloven».
Endringa trer i kraft straks. Om kommunen har ein søknad om konsesjon frå selskap med avgrensa ansvar til behandling pr. i dag, skal denne derfor sendast til Statsforvaltaren for avgjerd etter at saka er gjort klar for behandling.
Forskriftsendringa inneheld ikkje endring i forskrift om gebyr for konsesjonsbehandling m.m. Det vil derfor vere kommunen som krev inn gebyr i forbindelse med at de gjer saka klar til behandling, jf. forskrift om gebyr for konsesjonsbehandling.
Endringa er gjort som ledd i oppfølginga av Hurdalsplattformen, og er i følge landbruks- og matminister Sandra Borch første steg i prosessen der regjeringa ser på endringar i konsesjonsregelverket.