Tilsynsaksjon - Behandling av EE-avfall

Miljødirektoratet og Statsforvaltaren gjennomfører no ein tilsynsaksjon hos behandlingsanlegg for EE- og metallavfall i alle fylke. Aksjonen er ein del av arbeidet for å hindre at EE-avfall blir handtert ulovleg og hamnar på avvegar. 

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 14.10.2021

Nordmenn er i verdstoppen når det gjeld forbruk av elektriske og elektroniske produkt. Elektrisk og elektronisk avfall (EE-avfall) som ikkje blir samla inn og handtert forsvarleg, kan føre til helseskade der det hamnar og at miljø- og helsefarlege stoff lek ut og forureinar naturen.

I tilsynsaksjonen skal vi kontrollere om EE-avfallet blir sortert frå anna avfall og behandla riktig.  EE-avfall skal behandlast separat frå anna avfall for å sikre at farlege stoff blir trygt fjerna og behandla. Resten av materialane i EE-avfallet blir i stor grad brukt på nytt for å utnytta ressursane. 

Uforsvarleg og ulovleg behandling av EE-avfall kan i tillegg til fare for helse og miljøskade, utkonkurrera verksemder som følgjer regelverket og handterer avfallet på riktig og miljømessig god måte.

Alle typar anlegg som handterar EE-avfall blir kontrollert

Både anlegg som har særskild løyve til å ta i mot og behandle EE-avfall, og dei som ikkje har eit slik løyve, blir kontrollert. Vi har mistanke om at det er fleire anlegg som ikkje har særskild løyve, men som likevel tek i mot EE-avfall for behandling.  Eksempel på anlegg både med og utan løyve kan vere metallmottak, fragmenteringsanlegg, bilopphoggarar og skraphandlarar.

Mellom 50 og 100 anlegg over heile landet blir kontrollerte i oktober og november.

Dei anlegga som ulovleg behandlar EE-avfall må sørgje for at dei etterlever reglane, og der vi avdekkjer alvorlege tilfelle vil vi vurdere politimelding. 

 

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.

Kontakt oss

Fagsjef Forurensning:
Siv Hege Wang Grøvo
Telefon 33 37 23 18

E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no

All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.

Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding