Tilskotsordningar
Her følgjer ei oversikt over ein del statlege tilskotsordningar for miljøtiltak over Miljøverndepartementet sitt budsjett.
Søknader om tilskot blir sendt gjennom det elektroniske søknadssenteret (ESS) til Miljødirektoratet. ESS opnar for innlevering av søknadar om lag ein månad før søknadsfristen for det einskilde tilskotet.
Du kan gå direkte til søknadssenteret. Her kan du registrere deg som søkar og finne informasjon om søknadsprosedyren, samt omtale av dei einskilde tilskotsordningane. Rapportering av tiltak det er gitt tilskot til skal også skje gjennom søknadssenteret. Ta eventuelt kontakt med Statsforvaltaren for rettleiing.
På Regjeringen.no finn du lenke til rundskriv med oversikt over tilskotsordninger.
Tilskotsordningar som Statsforvaltaren si miljøavdeling forvaltar
Sjå omtale i søknadssenteret av dei einskilde tilskotsordningane.
Tiltak |
Søknadsfrist |
Merknad |
Fisketiltak for laks og sjøaure |
15. januar |
Anadrome laksefisk |
Kalking av vassdrag |
15. januar |
Redusere negative effektar av sur nedbør |
Trua naturtypar |
15. januar |
Utvalde naturtypar og naturtypar på raudlista |
Trua artar |
15. januar |
Prioriterte artar og artar på raudlista |
Vilttiltak |
15. januar |
Trua eller sårbare artar eller artar det ikkje kan haustast av, samt grågås og villrein |
Tiltak i kulturlandskapsområde |
15. januar |
Områda det kan søkjast om tilskot til står på eiga liste over prioriterte område |
Tiltak for ville pollinerande insekt |
15. januar |
Restaurering, skjøtsel og etablering av leveområde |
Desse tilskotsordningane har andre søknadsfristar:
Tiltak |
Søknadsfrist |
Merknad |
Akutte forbyggjande tiltak mot skade frå rovvilt |
Kan søkjast heile året |
|
Førebyggjande tiltak i rovviltforvaltninga |
15. februar |
Vi henstiller om å søke tidligst mulig |
Konfliktdempande tiltak i rovviltforvaltninga |
15. februar |
Vi henstiller om å søke tidligst mulig |
Tiltak i utvalde kulturlandskap i jordbruket (UKL) |
Kontakt kommunen området ligg i |
|
Nokre aktuelle ordningar som Miljødirektoratet forvaltar:
Tiltak |
Søknadsfrist |
Merknad |
Generell vassforvaltning |
15. januar |
|
Tiltak mot framande organismar |
15. januar |
|
Programmet "Villreinfjellet som verdiskapar" |
15. januar |
|
Verdiskaping naturarv |
15. januar |
|
Klimasats |
15. februar |
Stønad til klimasatsing i kommunane |
Tilskot til klimatilpassing |
15. februar |
Kunnskap, kompetanse-heving og utgreiing |
Tilskot til innlevering av kasserte fritidsbåtar |
Perioden 01.01. til 01.12 det året båten blir kassert |
|
Tiltak mot marin forsøpling |
|
Tilskot til friluftslivsformål:
Det er fylkeskommunen som har ansvaret for friluftsliv på fylkesnivå. Dette omfattar også dei statlege tilskotsordningane til friluftslivsformål. Meir informasjon finn du på heimesidene til Vestfold og Telemark fylkeskommune.
Kontakt oss
Fagsjef Natur:
Arne Christian Geving
Telefon 33 37 23 51 / 90 04 39 15
E-post
sfvtpost@statsforvalteren.no
All kontakt på e-post blir behandla etter same prosedyre, og blir lagt inn i postjournalen. Ved spørsmål angåande ei spesifikk sak, ber vi om at du oppgir saksnummer.
Gjeld saka personsensitive opplysningar, kan du òg sende sikker melding