Rupefjell og Selslinatten naturreservat i Notodden
Rupefjell og Selslinatten naturreservat vart verna 23. juni 2020, og dette er Notodden sitt 10. naturreservat.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Generelt
Området ligg mellom Follsjå i Notodden kommune i Vestfold og Telemark og Jondalen i Kongsberg kommune i Viken.
Topografi
Området er prega av rolege åspartier med slake lier avbrote av grunne, men fleire stader tronge og markerte bekkedaler. Bratte lisider inngår først og fremst mot Tysjøvatn i sør. Toppartiet har òg fleire myrar og tjern.
Verneformål
Formålet med naturreservatet er å verna eit område som har særleg tyding for biologisk mangfald på grunn av førekomst av eit stort område med innslag av gamal produktiv furunaturskog og gamal brannpåvirka furuskog, og dessutan til dels rik blandingsskog.
Naturfagleg kvalitet
Området har særskilt naturvitskapleg verdi på grunn av førekomst av sjeldne og trua arter av sopp og lav knytta til død ved av furu, gran og osp, medrekna førekomst av mørk brannstubbelav på brente furugadder. Naturreservatet har regional verneverdi (**). |
Naturreservata i Notodden |
Lenke til faktaark i Naturbase |
Lysthuskollen naturreservat |
|
Rupefjell og Selslinatten naturreservat |
|
Skrim og Sauheradfjella naturreservat |
|
Elferdalen naturreservat |
|
Omnflug naturreservat |
|
Flaaten naturreservat |
|
Semsøyene naturreservat |
|
Jønjiljo naturreservat |
|
Fjellstulfjellet naturreservat |
|
Blåurlia naturreservat |