Fylkesmannen skiftar namn til statsforvaltaren

Frå 1. januar 2021 får fylkesmannen den nye kjønnsnøytrale tittelen statsforvaltar. 

Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.

Publisert 26.10.2020

- Vi er aldri så lite stolte i dag, seier (enn så lenge) fylkesmann Per Arne Olsen. Han foreslo og grunngav nettopp dette namnet for departementet.

– Det nye namnet beskriv kven vi representerer, nemleg statsforvaltninga, eller regjeringa, departement og direktorat. Det beskriv oppgåva vår, som er å forvalta interessene til staten i fylket. Og det er eit namn som gjer at vi ikkje lenger kan forvekslast med fylkeskommunen. Namnet er kort og ujålete, og det kan brukast både på embetet og på personen. Vi trur namnet har alle moglegheiter til å bli eit solid og varig egennavn på både institusjonen og personen, seier Per Arne Olsen

 

Les pressemeldinga fra Kommunal- og moderniseringsdepartementet: 

Fylkesmannen blir statsforvaltaren

Frå 1. januar 2021 får fylkesmannen den nye, kjønnsnøytrale tittelen statsforvaltar.

– Vi vidareførar tradisjonen med at institusjonen og personen har same namn. Samstundes blir skilnaden mellom statens regionale representant og fylkeskommunen tydelegare, seier Nikolai Astrup, kommunal- og moderniseringsminister (H).

Regjeringa fatta i mars vedtak om at kjønnsspesifikke stillingstitlar skal gjerast om til kjønnsnøytrale stillingstitlar i alle statlege verksemder. Det gjeld mellom anna fylkesmannen – både tittelen på stillinga og namnet til verksemda.

Departementet har fått mange gode og kreative namneforslag, mellom anna i sosiale medier.

− Vi har drøfta fleire alternativ, men landa til slutt på tittelen statsforvaltar. Det som i dag er fylkesmannen i Trøndelag, blir frå 1. januar statsforvaltaren i Trøndelag, seier Astrup.

Statsforvaltarane har ansvar for å følgje opp vedtak, mål og retningslinjer frå Stortinget og regjeringa. Dei har og ei viktig rolle som bindeledd mellom stat og kommune, tverrsektoriell samordnar og rettssikkerhetsinstans overfor innbyggjarane.

− Nytt namn er sjølvsagt interessant, men det viktigaste er at statsforvaltarane framleis vil ha ei svært sentral rolle i det norske samfunnet, seier Astrup.

I desse tider har fylkesmennene ei heilt sentral rolle i handteringa av koronapandemien i fylka sine. Dei har faste møter med sentrale helse- og beredskapsstyremakter og kommunane for å informere, koordinere og utarbeide felles køyrereglar for handteringa av pandemien regionalt. Fylkesmennene har ei viktig oppgåve i å få til god samhandling mellom ulike fagområde og mellom sentrale helsestyremakter og kommunane.

Fant du det du lette etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønsker at vi skal svare deg.