Frå Fylkesmannen til Statsforvaltaren
Frå 1. januar er vi Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark. Regjeringa har bestemt at namn på institusjonar og leiarstillingar i staten skal vere kjønnsnøytrale.
Dette innholdet er mer enn ett år gammelt. Informasjonen kan derfor være utdatert.
Leiar av embetet får tittelen statsforvaltar.
Vårt nye namn fortel at vi representerer staten, og at vi forvaltar interessene til staten i fylket. Som representanten til kongen og regjeringa i fylket, skal vi sørge for at politikken til Stortinget og regjeringa blir sett i verk i kommunane. Vi samordner dei regionale statsetatane, og vi halder regjeringa orientert om viktige spørsmål i fylket. Som sektorstyresmakt har vi forvaltningsoppgåver for ei rekke fagdepartementer og direktorat. Rettssikkerheit for innbyggarar, verksemder og organisasjonar er ei av dei sentrale oppgåvene våre.
4. januar får postmottaket vårt ny e-postadresse: sfvtpost@statsforvalteren.no. Dei tilsetje for óg nye e-postadresse, men gamle e-postadresse vil verke parallelt inntil vidare. Nettsida vår får adressa: www.statsforvaltaren.no.
Hovudkontoret har flytta til Grev Wedels gate 1 i Tønsberg. Oppvekstavdelinga held til i Gjerpensgate 10 i Skien.