Kva er skilnaden mellom spesialpedagogisk hjelp og individuell tilrettelegging i barnehagen?

Spesialpedagogisk hjelp (barnehagelova § 31) og individuell tilrettelegging i barnehagen (§ 37) har til felles at begge regulerer hjelp og støtte til barn med spesielle behov. Dette er likevel to ulike rettar med ulikt innhald.   

Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.

Publisert 09.02.2023

Spesialpedagogisk hjelp

Eit barn under opplæringspliktig alder har rett til spesialpedagogisk hjelp dersom det har særleg behov for det. Retten gjeld uavhengig av om barnet går i barnehage eller ikkje, og har ingen nedre aldersgrense. Hjelpa kan gis til barnet individuelt eller i gruppe, og skal omfatte eit tilbod om foreldrerettleiing. Dette følger av barnehagelova § 31.       

Ulike former for sosial trening, språktrening, trening for å forbetre motorikk, kjensleregulering eller øvingar knytt til interaksjon og kommunikasjon, er døme på spesialpedagogisk hjelp etter
§ 31. Målsettinga er å gi barnet tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale dugleikar. Hjelpa skal bidra til at barnet blir betre rusta til å starte på skulen. 

Individuell tilrettelegging i barnehagen

Alle barn har behov for hjelp, støtte og tilrettelegging i ulike samanhengar i barnehagekvardagen. Barnehagen har ei plikt til å ta omsyn til kvart enkelt barn, og skal mellom anna ut frå funksjonsevna til barnet gjere individuelle tilpassingar innanfor det ordinære barnehagetilbodet. Nokre born vil likevel ha behov for tilpassingar utover dette. Retten til eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod er forbehaldt barn med nedsett funksjonsevne. Dette følger av barnehagelova
§ 37.

Individuell tilrettelegging gis til barn som har behov for ei meir omfattande tilrettelegging enn det som kan gis innanfor det ordinære barnehagetilbodet. Døme på slike tilretteleggingstiltak kan vere at barnet i periodar skjermast frå dei andre barna slik at det får kvile, eller at barnet får delta i mindre grupper med hjelp til støtte i leik. Tilrettelegging kan òg innebere at det blir gjort endringar av bygg, at det vert kjøpt inn tilpassa leiker, at det blir sett inn ekstra bemanning eller gitt opplæring til dei tilsette. Det er likevel slik at barnehageeigar sitt ansvar for individuell tilrettelegging innanfor det ordinære tilbodet, strekk seg langt. 

Målsettinga med individuell tilrettelegging er ikkje er ei endring eller utvikling hjå barnet, men det å tilpasse omgivnadane til barnet slik at barnet kan nyttiggjere seg av barnehagetilbodet på same måte som andre barn. 

Kommunen gjer vedtak

For barn som har behov for både individuell tilrettelegging i barnehagen og spesialpedagogisk hjelp, må kommunen ta stilling til kva som til ei kvar tid vil gi mest føremålstenleg hjelp og tilrettelegging for barnet. I alle saker som gjeld barn, skal barnets beste vere eit grunnleggjande omsyn. Kommunen må difor ta omsyn til barnets beste når dei vurderer kva type hjelp og tilrettelegging som skal gis, og korleis dette skal gis. Når kommunane gjer vedtak må dei ha eit bevisst forhold til om den hjelpa barnet treng er å definere som tilrettelegging eller spesialpedagogisk hjelp. Den eine hjelpa utelukker ikkje den andre, og ofte vil eit barn ha rett til begge delar. Det er difor viktig at kommunen er presis på kva hjelp som fell under dei ulike føresegnene.
 
Kommunen skal opplyse saka best mogleg før dei gjer vedtak, og dei må innhente naudsynt dokumentasjon og gjere naudsynte undersøkingar. Før kommunen gjer vedtak om spesialpedagogisk hjelp, skal det føreligge ei sakkyndig vurdering frå PP-tenesta. Det er krav om samtykke frå barnets foreldre før det blir gjort ein sakkyndig vurdering og før det blir fatta enkeltvedtak om spesialpedagogisk hjelp. Det er ikkje krav om ei sakkyndig vurdering før det blir gjort vedtak om eit individuelt tilrettelagt barnehagetilbod, men det er krav om at foreldra blir involvert. Lova stiller heller ikkje krav om samtykke frå foreldra før kommunen gjer vedtak, og kommunen kan gjere vedtak sjølv om foreldra er ueinige i at barnet treng tilrettelegging. Det må likevel liggje føre samtykke dersom det er behov for å hente inn teiepliktige opplysningar om barnet. Utan heimel i lov eller samtykke, kan kommunen heller ikkje dele opplysningar med andre instansar.    

Statsforvaltaren si rolle

Det er klagerett på alle vedtak om spesialpedagogisk hjelp og individuell tilrettelegging i barnehagen. Klageretten gjeld både spørsmålet om barnet har rett til hjelp og om hjelpa som blir gitt er tenleg ut i frå barnet sine behov. Ein kan òg klage på manglande gjennomføring. Når det gjeld klage på vedtak om spesialpedagogisk hjelp, må begge foreldra samtykke til å fremje klage. Når det gjeld klage på vedtak om individuell tilrettelegging, er det nok at ein av foreldra fremjar klage.   

Klagen skal sendast til det organet som har gjort vedtaket. Dersom kommunen ikkje endrar vedtaket slik at ein får medhald eller delvis medhald ved ny behandling, skal klagen behandlast av Statsforvaltaren. Det same gjeld dersom kommunen avviser saka. Ved delvis medhald, må kommunen undersøke om foreldra ønskjer å oppretthalde klagen før saka vert sendt over til Statsforvaltaren. Statsforvaltaren er endeleg klageinstans.        

Du finn meir informasjon om dette på Utdanningsdirektoratet sine nettsider.

Spesialpedagogisk hjelp
§ 31
Individuell tilrettelegging
§ 37

Er ei pedagogisk støtte for å bidra til at barnet blir betre rusta til å starte på skulen.

Døme på spesialpedagogisk hjelp er ulike former for sosial trening, språktrening, trening for å forbetre motorikk, kjensleregulering eller øvingar knytt til interaksjon og kommunikasjon.

Målsettinga er å gi barnet tidleg hjelp og støtte i utvikling og læring av til dømes språklege og sosiale dugleikar. 

Er nødvendige tiltak for at barn med nedsett funksjonsevne skal kunne ta i bruk det ordinære barnehagetilbodet.

Døme på slike tilretteleggingstiltak kan vere at barnet i periodar skjermast frå dei andre barna slik at det får kvile, eller at barnet får delta i mindre grupper med hjelp til støtte i leik. Det kan og innebere at det blir gjort endringar av bygg, at det vert kjøpt inn tilpassa leiker, at det blir sett inn ekstra bemanning eller gitt opplæring til dei tilsette.

Målsettinga er ikkje er ei endring eller utvikling hjå barnet, men det å tilpasse omgivnadane til barnet slik at barnet kan nyttiggjere seg av barnehagetilbodet på same måte som andre barn.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.