Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i skule

Illustrasjonsfoto (Pixabay)

Desentralisert kompetanseutvikling er ei kompetansesatsing – som gjennom tilskot, bidreg til kollektiv kompetanseutvikling og profesjonsutvikling.

Desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskole og vidaregåande skole, er ei av tre tilskotsordningar i lokal kompetanseutvikling, og som namnet tilseier, rettar den seg inn mot skulesektoren.

Målet med ordninga

Målet er å heva kvaliteten på utdanning- og oppvekstilbodet til born og unge. Satsinga tek vidare sikte på å styrkje samarbeidet mellom aktørar som tilbyr profesjonsfaglege utdanningar retta mot utdannings- og oppvekstområdet, og slik sett bidra til meir praksisrelevante utdanningar. Tilskotsordninga – desentralisert ordning for kompetanseutvikling i grunnskole og vidaregåande skole, gjeld for skulesektoren og skal gi skulane økonomisk støtte til å vurdere kompetansebehov, planleggje- og utvikle kompetansetiltak og vidare til gjennomføringa av tiltaka.

Lokal kompetanseutvikling

Tilskotsordninga – desentralisert  ordning for kompetanseutvikling i grunnskole og vidaregåande skole, føl rammeverket for desentralisert kompetanseutvikling. Det betyr at det er lokale vurderingar og behov som skal ligge til grunn for eventuelle tiltak, og utviklingsarbeidet skal skje i partnarskap med universitet og høgskular (UH). Kompetansehevinga skal skje i kollektive prosessar og den skal vere skulebasert. Dette betyr at utviklingsarbeidet må involvere og femne om heile kollegiet ved aktuelle skular/skuleeigarar som søker støtte. UH kan involverast i kartlegging og analyse av kompetansebehov, i tillegg til at dei skal gje råd og levere innhald i det konkrete skulebaserte utviklingsarbeidet.

Målgruppe

Målgruppa for tilskotsordninga er tilsette i offentlege og private skular i Vestland fylke. Den gjeld tilsette både i grunnskule og vidaregåande opplæring. Midlane blir tildelt til kommunale eller private eigarar, som har ansvaret for å koordinere og fasilitere utviklingsarbeidet.

Regionale føringar for Vestland fylke

For å sikre føreseielegheit, og at midlane i tilskotsordninga blir nytta i tråd med intensjonen, er det sett saman eit samarbeidsforum som utformar lokale retningslinjer. Samarbeidsforum består av private og kommunale barnehage- og skuleeigar, fagforeiningar og dei lokale UH institusjonane i fylket. Samarbeidsforumet har avgjort at midlane i denne tilskotsordninga, skal bli fordelt til lokale kompetanseregionar etter ei proratafordeling basert på lærarårsverk. Det er vidare bestemt av 50% av midlane i ordninga skal gå til UH. I Vestland er det 13 kompetanseregionar, som vidare gjer prioriteringar for midlane. Kompetanseregionane utformar ei innstilling for bruk av midlar, og samarbeidsforum – i kraft av si rolle som avgjerdsorgan, tek stilling til, og eventuelt godkjenner innstillingane. Statsforvaltaren er sekretariat i ordninga, og skal påsjå at midlane blir nytta i tråd med nasjonal forskrift.

I høgre meny finn du meir informasjon om ordninga. Ta gjerne kontakt med oss ved spørsmål.

Fann du det du leitte etter?

Ta gjerne kontakt med oss via sikker melding dersom du ønskjer at vi skal svare deg.