Kronprinsen på fylkestur langs Sognefjorden
I løpet av tre septemberdagar (26.–28.) vil H.K.H. Kronprins Haakon besøke Aurland, Lærdal, Sogndal, Høyanger og Solund.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 13.09.2023
På ein fylkestur er kommunen sjølv vertskap, noko som set folket der og deira virke i sentrum.
Verdsarv, lokal industri, utdanning, forsking, integrering, industri, gardsbruk og samtalar med folk vil fylle dei tre dagane.