Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn
Målet med handlingsplanen er å motverke digital utanforskap og legge til rette for at alle blir inkludert i samfunnet.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 11.08.2023
Uavhengig av bakgrunn, språkkunnskapar eller alder så er målet at alle innbyggjarar skal få likeverdige offentlege tenester. Tilgang til likeverdige offentlege tenester handlar om å ha like sjansar til å delta i og bidra i samfunnet.
Handlingsplanen består av 32 tiltak som dekker fem ulike innsatsområder. Dei fem innsatsområda er:
- den digitale grunnmuren
- tilgjengeleg IKT-utstyr
- grunnleggjande digitale ferdigheiter
- brukarvennlege digitale tenester
- digital dømmekraft
Du kan lese heile handlingsplanen på Regjeringa si heimeside.