Tilskot til finansiering av private kyrkjebygg 2020
Føremålet med tilskotsordninga er å gje trussamfunn utanfor Den norske kyrkja og private stiftingar og frivillege organisasjonar innanfor den norske kyrkja moglegheit for å kjøpe kyrkjebygg, med lågare eigenfinasiering.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Med kyrkjebygg meinast bygg, eller deler av bygg, som vert nytta av trussamfunn til utøving av si religiøse tru. Det blir ikkje gjeve tilskot til eventuelle delar av bygg som nyttast til kommersiell bruk eller til andre aktiviteter utan direkte relasjon til menigheita si trusutøving.
Tilskotsordninga er ei etterskotsordning. Det blir berre gjeve tilskot til finansiering av kyrkjebygg som søkar eig sjølv, er ferdigstilt, og som er offentleg godkjent for bruk i tråd med føremålet.
Søknadsfristen er 10. juni 2020.
Spørsmål om søknaden skal rettast direkte til Barne- og familiedepartementet. Les meir om ordninga på departementet si nettside.
Kontaktpersonar
-
Ove Midtbø
Tlf: 57 64 31 76
Viktig informasjon om søknad om statstilskot
Frist for søknad om statstilskot er utsett til 9. april 2021.
Statsforvalteren i Agder er kontaktpunkt for alle spørsmål om statstilskot og ny lov om trus- og livssynssamfunn.