Staten har ansvar for å sikre like rammevilkår gjennom regelverk og økonomiske rammer. Staten har òg ansvar for å føre tilsyn og kontroll med helse- og sosialtenestene. Mykje av tilsyns- og kontrollarbeidet blir gjort av Statsforvaltaren.
Helse, omsorg og sosialtenester
Alle som treng det, skal få gode og forsvarlege helse- og sosialtenester – uavhengig av alder, inntekt og diagnose. Det er i stor grad kommunane og helseføretaka (sjukehusa) som tilbyr desse tenestene.
Nyhende om helse, omsorg og sosialtenester
02.01.2024Rettleiande statlege satsar for økonomisk stønad for 2024
Satsane er justert med 3,8 prosent frå første januar i tråd med anslaget for vekst i konsumprisane i Nasjonalbudsjettet for 2024.
21.12.2023
Tilsyn med Bergen kommune og tilbodet om avlasting til barn og unge
Statsforvaltaren har gjennom behandling av fleire klagesaker sett at Bergen kommune ikkje organiserer avlastingstilbodet til barn og unge under 18 år i tråd med lovkrava. Vi har difor opna tilsyn.
19.12.2023
Nye verktøy og ressursar i arbeidet med demens
Helsedirektoratet har lansert fleire verktøy og ressursar for allmennlegar, tilsette i helse- og omsorgstenestene og pårørande til personar med demens.
19.12.2023
Ber om kontaktpersonar frå kommunane til CRPD-prosjekt
Statsforvaltaren skal auke kunnskapen om og gjennomføringa av FN-konvensjonen om rettar til menneske med nedsett funksjonsevne (CRPD) i alle kommunar. Vi ber difor om kontaktpersonar.
19.12.2023
Ukrainske flyktningar sin rett til kvalifiseringsprogram
Ukrainske flyktningar som fyller inngangsvilkåra i sosialtenestelova paragraf 29 har rett på kvalifiseringsprogram.
18.12.2023
Kommunane kan søkje tilskot i helseteknologiordninga
Helseteknologiordninga skal støtte innføring av ny teknologi i helse- og omsorgstenesta, og føre vidare satsinga på velferdsteknologiområdet. Søknadsfristen er 15. januar.
12.12.2023
Tilsyn med Bergen kommune
Tilsynet viser at kommunen ikkje klarer å finne eit mellombels butilbod for dei som ikkje klarer det sjølv, og at kvaliteten på tenestetilbodet ikkje er god nok.
07.12.2023
Kommunane har ansvar for psykososial beredskap og oppfølging
Evakueringa frå Gaza av personar med tilknyting til Noreg, har igjen aktualisert behovet for psykososial beredskap. Vi oppmodar kommunane om å ha merksemd på å tilby psykososial støtte og oppfølging i akutte situasjonar, for å førebygge og avhjelpe allereie oppståtte traume.
17.11.2023
Tilsyn med det systematiske folkehelsearbeidet i kommunane
Statens helsetilsyn planlegg tilsyn etter folkehelselova, i alle kommunane i landet i 2024. Temaet er kommunen sitt systematiske folkehelsearbeid med å fremje god psykisk helse hos barn og unge.
15.11.2023, Oppdatert 05.12.2023
Første samling i nettverk for førebyggande arbeid mot vald og overgrep mot barn og unge
Vi inviterer kommunar som ønskjer å styrke sitt arbeidet med å førebygge, oppdage, handle og hjelpe barn og unge som står i fare for, eller som vert utsett for, vald og seksuelle overgrep til å delta i nettverket.
Fleire nyhende Få nyheitsvarsel