Tilsyn med det systematiske folkehelsearbeidet i kommunane
Statens helsetilsyn planlegg tilsyn etter folkehelselova, i alle kommunane i landet i 2024. Temaet er kommunen sitt systematiske folkehelsearbeid med å fremje god psykisk helse hos barn og unge.
Helsetilsynet har sendt ut brev til alle kommunane i landet for å orientere om tilsynet og for å rette merksemd på kommunen sitt ansvar for det systematiske folkehelsearbeidet. Sjå heile brevet under «Dokument».
Temaet for tilsynet er kommunen sitt systematiske folkehelsearbeid etter folkehelselova paragraf 5, 6, 7 og 30, for å fremje god psykisk helse hos barn og unge.
Temaet for tilsynet og formål
Temaet for tilsynet er om kommunen har oversikt over helsetilstanden og faktorar i oppvekst- og levekårsforhold som påverkar barn og unge si psykiske helse, om kommunen brukar kunnskapen frå oversikta i planarbeidet sitt, og om det blir følgt opp med relevante tiltak. Vidare vil tilsynet undersøke om folkehelsearbeidet er forankra på tvers av sektorar i kommunen, og om kommunen evaluerer folkehelsearbeidet sitt.
Statens helsetilsyn vel å rette merksemd på dette temaet, fordi mange undersøkingar viser ei auke i psykiske vanskar hos barn og unge. Tidleg innsats i kommunen er viktig i eit folkehelseperspektiv. Temaet understøttar også regjeringa si satsing på å fremje psykisk helse og livskvalitet i Folkehelsemeldinga.
Kommunane skal til med utarbeiding av ny planstrategi, og revisjon av planer. Formålet med innretninga på tilsynet, og val av tema, er å belyse viktigheita av innsats på tvers av sektorar, i eit langsiktig og strategisk arbeid for betre folkehelse, gode levekår og god psykisk helse hos barn og unge. Grunnlaget for god helse blir først og fremst lagt utanfor helsesektoren: i heimen, samfunnet, barnehage og skule.
Statsforvaltarane i fylka skal gjennomføre tilsynet, etter folkehelselova paragraf 31. Det skal vere eit tilsyn i kvar planperiode, og reglane i kommunelova kapittel 30 gjeld for denne tilsynsverksemda.