Oppdateringar i nasjonal fagleg retningsline for helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Det er gjort fleire endringar i retningslina for at ho skal samsvare med forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten. Endringane gjeld frå 7. februar 2019.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 04.03.2019
Alle endringane i retningslina finn du samla i dette dokumentet: «Oversikt over endringer i nasjonal faglig retningslinje for helsestasjons- og skolehelsetjenesten».
Frå endringane nemnar vi:
- Ny kjønnsnøytral tittel «helsesykepleier» er teken inn.
- Kapitlet om opplysningsplikt er oppdatert, og det er lagt til to nye tilrådingar:
- Arbeidsdokument i skolehelsetjenesten
- Måling av hodeomkrets i helsestasjon 0-5 år
- Retningslina for veging og måling er under revisjon.
- Tilråding om måling av hodeomkrets har vore prioritert då mange friske barn med stor hovudomkrets har vorte tilviste til spesialisthelsetenesta for utgreinga. Helsedirektoratet tilrår å bruke vekstkurven frå Vekststudien i Bergen for vurdering av hovudomkrets blant barn 0-2 år. For meir informasjon, sjå artikkelen «Ny vekstkurve for hodeomkrets blant barn 0-2 år» på nettsida til Helsedirektoratet.
Lenkjer
Helsedirektoratet: Nasjonal faglig retningslinje for det helsefremmende og forebyggende arbeidet i helsestasjon, skolehelsetjeneste og helsestasjon for ungdom
Helsedirektoratet: Oversikt over endringer i nasjonal faglig retningslinje for helsestasjons- og skolehelsetjenesten
Lovdata: Forskrift om helsestasjons- og skolehelsetjenesten