Ikkje alle skal halde seg heime under pandemien
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet har omsett informasjonsfilmar om krisesenter til ei rekkje ulike språk.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Publisert 04.06.2021
Filmane rettar seg mot utsette grupper, men vil særleg søke å nå målgrupper som i mindre grad har oppsøkt krisesenter under pandemien, som kvinner og innvandrarar.
– For nokon er heimen den minst trygge staden å vere. Då er det viktig for folk å vite at det finst hjelpetilbod, også under pandemien. Krisesentera er opne og tek i vare smittevernomsyn, seier Tove Bruusgaard, avdelingsdirektør i Bufdir.
Her kan du sjå filmane:
Krisesentera tek også imot barn, og finst ein rekkje stader i landet. Sjå oversikt her.