Oversikt over kurs for LIS1 hausten 2023
På denne sida finn du relevant informasjon for deg som startar som LIS1 i kommunehelsetenesta i september 2023.
Her er ei oversikt over kurs for deg som skal vera LIS1 i Vestland hausten 2023:
- Kurs i akuttmedisin Nordhordland legevakt (for LIS1 i Hordaland + Gulen) 4.-5. september.
- Kurs i akuttmedisin Helse Førde (for LIS1 i Sogn og Fjordane, minus Gulen) 6.-7. september.
- Første grupperettleiing, Sogndal 18. oktober
- Kurs i offentleg helsearbeid, Sogndal 19.-20. oktober
- Andre grupperettleiing er ei dagsamling i Bergen (for LIS1 i Hordaland + Gulen) og på Skei (for LIS1 i Sogn og Fjordane), fredag 19. januar 2024.
Lokal rettleiar godkjenner læringsmål
Når det gjeld kurs i offentleg helsearbeid og grupperettleiingane, er det din lokale rettleiar som godkjenner læringsmåla i kompetanseportalen. Læringsmåla vil gå fram av kursbevisa du får frå Statsforvaltaren.
Kurs i regi av Helfo om takstbruk og legemiddel
Helfo arrangerer digitalt kurs knytt til takstbruk og legemiddel (blå resept). De vil få tilsendt oversikt over datoar for kurset frå Helfo, og kan melda dykk på den datoen som passar best.
Kurs i nødnett radiobrukar
Kommunane har ansvar for opplæring i nødnett. Helse Førde legg til rette for at de som tek kurs i akuttmedisin i Førde, får tilbod om kurs i bruk av nødnett før de byrjar i legevakt. Kurset i nødnett radiobrukar vert halde som kveldskurs 5. september, 18.00 til 21.00 i auditoriet ved Førde sentralsjukehus. Kurset og utgifter (reise, overnatting) knytt til dette kurset må kommunane dekka for dykk. Arrangøren sender ut faktura i etterkant av kurset. Påmelding og informasjon om kurset finn de i Læringsportalen til Helse Førde.
Reiseutgifter
Vi dekker reiseutgifter tilsvarande rimelegaste reisemåte (andre reisealternativ må de eventuelt avklara med Statsforvaltaren på førehand). Fly må du alltid avklara med Statsforvaltaren på førehand. Du har ikkje krav på nattillegg eller kostgodtgjersle. Sjå òg rettleiing for honorar og reiser for eksterne.
Kontaktpersonar
-
Lise Kvam
Tlf: 57 64 31 86