Må namn på saksbehandlar og avgjerdstakar gå fram av enkeltvedtak etter sosialtenestelova?
Sivilombodet har undersøkt praksis i Oslo kommune. Bakgrunnen var at dei ved behandling av konkrete saker oppdaga at vedtak kommunen gjorde med heimel i sosialtenestelova mangla underskrift, og at namnet til avgjerdstakaren heller ikkje gjekk fram på anna måte.
Publisert 06.06.2023
Ombodet konkluderte med at Oslo kommune sine vedtak etter sosialtenestelova ikkje er i tråd med god forvaltningsskikk, eller med føresetnadane for habilitetsreglane i forvaltningslova. Ombodet la til grunn at kjennskap til identiteten til dei som har førebudd og godkjent ei forvaltningsrettsleg avgjerd, er ein føresetnad for habilitetsreglane.