Færre fekk sosialhjelp i Vestland i koronaåret 2020
I 2020 var det til saman 14 051 sosialhjelpsmottakarar i kommunane i Vestland fylke, ein nedgang på heile ni prosent samanlikna med 2019.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dette kjem fram av statistikk som kommunane har rapportert inn i Kostra (Kommune-Stat-Rapportering).
Dei ti kommunane i Vestland som hadde flest sosialhjelpsmottakarar i 2020 er:
Bergen |
7 009 |
Øygarden |
1 038 |
Askøy |
586 |
Alver |
552 |
Sunnfjord |
491 |
Bjørnafjorden |
440 |
Stord |
327 |
Voss |
323 |
Sogndal |
281 |
Kvinnherad |
250 |
Heile 36 av kommunane rapporterer at færre fekk sosialhjelp i 2020 enn i 2019, medan dei siste 7 kommunane rapporterer om auka. Dei fem kommunane med størst prosentvis nedgang er:
Solund |
- 57 % |
Vik |
- 37 % |
Masfjorden |
- 36 % |
Kinn |
- 32 % |
Sveio |
- 30 % |
Dei fem som rapporterer om størst prosentvis auke er:
Etne |
+ 42 % |
Modalen |
+ 17 % |
Tysnes |
+ 15 % |
Aurland |
+ 15 % |
Vaksdal |
+ 13 % |