Nav skal stille krav om norskopplæring
Dersom ein sosialhjelpssøkjar under 30 år har hatt rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram, og manglande norskkunnskap er årsak til at personen ikkje er sjølvhjelpen, skal Nav stille krav om deltaking på norskopplæring som vilkår for å gi sosialhjelp.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Dette kjem fram i ei lovendring i sosialtenestelova paragraf 20a som gjeld frå og med 1. januar 2021. Kravet gjeld berre for dei som har hatt rett og plikt til å delta i introduksjonsprogram etter integreringslova. Kravet gjeld likevel ikkje, dersom tungtvegande grunnar taler mot det.
I tillegg har Nav plikt til å vurdere krav om deltaking på norsk- eller samiskopplæring for alle andre under 30 år som søkjer om sosialhjelp, dersom manglande norsk- eller samiskkunnskap er årsak til at vedkomande ikkje er sjølvhjelpen.
Plikt til å skaffe og betale for opplæringstilbod
Det er kommunane som har plikt til å skaffe fram og betale for opplæringstilboda. I forarbeida til lovendringa står det at kommunane sine meirkostnader er føresett dekt innanfor gjeldande økonomiske rammer. Vidare står det at dersom kommunane lykkast med språkpliktene, så vil kostnadene til norskopplæring av stønadsmottakarar medføre reduserte stønadsutgifter på lengre sikt. Klikk her for å lese forarbeida.