Nasjonal oppstartskonferanse for FACT ung
Helsedirektoratet, NAPHA og andre involverte kompetansesenter inviterer til nasjonal oppstartskonferanse for FACT ung 1. november. Du kan delta fysisk, eller følgje konferansen digitalt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Målgruppa for konferansen er hovudsakleg kommunar og helseføretak som er tilknytt FACT ung-team og FACT ung-forprosjekt kompetansesentera, statsforvaltarane og brukarorganisasjonar. Andre er også velkomne til å melde seg på.
På konferansen vil du mellom anna få informasjon om status for satsinga i Noreg, forsking og praksiserfaringar med FACT ung-modellen og resultata av evalueringa av FACT ung i Noreg.
Konferansen går føre seg i Skøyen Atrium i Oslo, men du kan også delta digitalt. Konferansen varar frå 09.30 til 16.00.
Kontaktpersonar
-
Siri Mæland
Tlf: 55 57 22 00