Korleis sikre god lokal implementering av CRPD?
Den internasjonale dagen for FN-konvensjonen om rettane til personar med nedsett funksjonsevne (CRPD) blir markert med nasjonal konferanse 4. desember. Du kan delta fysisk eller digitalt.
Dette innhaldet er meir enn eitt år gammalt. Informasjonen kan derfor vere utdatert.
Tema for konferansen er korleis vi kan sikre god lokal implementering av FN-konvensjonen. Målet med konferansen er å auke merksemda og kompetansen om CRPD i kommunane – der konvensjonen blir gjennomført i praksis.
Korleis kommunane planlegg, legg til rette og tilbyr tenestene sine, er avgjerande for om menneske med funksjonsnedsettingar har moglegheit til å delta i samfunnet på lik linje med andre. Konferansen skal inspirere og engasjere deltakarane til å bli kjent med konvensjonen, og bidra til å gjennomføre den på lokalt nivå.
Markeringa er gratis, og blir strøyma. Konferansen går føre seg frå 10.00 til 13.00. Påmeldingsfrist er 24. november.
Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har også ei webinarrekkje om FN-konvensjonen. Du kan sjå opptak på heimesida til Bufdir.